Haren





Haren er det raskaste dyret i skogen. Haren spring 70 km i timen, men når det gjeld kan den springa opp i 80 km i timen. Farten held ikkje noko særleg lenge, men den

kan redda livet hans nokon gongar.

Haren er ein sprintar.

Ulven er den beste langdistanseløpar. Ulven kan tråve 12 mil på ei vinternatt. Sjølv om ulven spring langt kan den ikkje ta igjen haren på ein kort distanse. Når farten er på topp kan den hoppa 5-6 meter.

Om vinteren veks det ut ekstra lange hår på hareføtene, slik at dei blir endå breiare enn om sommaren. Den kvite, tjukke vinterpelsen gjer haren vanskeleg å oppdage for rovdyr. Dersom det blir kaldt og dårleg vèr, kan haren grave seg ei grop og la seg snø ned. Nede i harehola under snøen held han kulda ute.

Om vinteren lever haren av knoppar og bark frå fjellbjørk og av planter som han finn på avblåste fjellrabber.

Haren har ikkje kvasse klør eller tenner. Det er nok ikkje det dyret som angriper, den forsvarer seg.

Det latinske namnet er lepus.

Haren er eit pattedyr. Han kjem frå harefamilien.

Haren kan få opp til 2-8 ungar.

Det er ca. 55 artar i heile verda av harar.



Polarhare, Lepus arcticus
Polarhare, Lepus arcticus




Harespor




Harespor er lette å kjenne att. Når haren hoppar, slengjer han dei kraftige bakbeina framfor frambeina. Slik blir det to store fotavtrykk ved sida av kvarandre. Frambeina ser du som to små hol som ligg etter kvarandre.

Dersom haren hoppar roleg av garde, blir avstanden mellom spora ganske kort, men blir han skremd og skal sleppe unna ein fiende, kan det vere fleire meter mellom kvart avtrykk.



Spor og sporteikn





external image Harespor%203N600.jpg
http://www2.hihm.no/naturfag/Spor/Hare1.htm


Video







Haren et sin eigen bæsj



Haren et plantekost, men han har ikkje fire mager som ein drøvtyggjar. I staden har han ein stor blindtarm som er like lang som alle dei andre tarmane til saman.

Når haren nappar til seg knoppar frå bjørka, går maten raskt gjennom fordøyingsorgana til blindtarmen. Der hjelper nyttige bakteriar til med å bryta maten ned.

Etter kvart som maten blir broten ned, blir det danna små "bollar". Dei er litt mjukare enn den vanlege, tørre harebæsjen du kansje har sett. "Bollane" inneheld framleis ein del næring. Med jamne mellomrom bæsjer haren ut desse "bollane". Like etter snur haren seg og et dei.

Når maten har gått gjennom fordøyingssystemet ein gong til, blir endå meir næring teken opp. Har du ein kanin, visste du kansje dette fra før. Harar og kaniner er nære slektninger, og dei har like fordøyingsorgan.